Godt oppmøte

E-post Skriv ut PDF

På møte i mai var me 10 lærevillige fotografar. Mange flotte bilde blei vist, bl a av Rune Håheimsnes (over) og Fredrik Lunde Svendsen (under). Fleire bilde finn du i galleriet. Det blei og vist eit filmutkast til det som skal bli "De dødes tjern" (Kjetil/Jarle), me ventar i spenning på det endelege resultatet.

Neste møte blir som aktive fotografar. Me drar til Kviå/Vanvik måndag 4. juni. Oppmøte ved Brødrene Selvik kl. 18.00.

Sist oppdatert ( onsdag 09. mai 2012 12:52 )
 

Bilde frå aprilmøte

E-post Skriv ut PDF



Det er no lagt ut nye bilde i galleriet, bilde vist og plukka ut på aprilmøte. Bjørn Einrem er fotografen av myrhauken over. Det er Jan Andersen som har vore ved Svandalsfossen.

Neste møte er måndag 7.mai. Fang våren ...!

Sist oppdatert ( måndag 23. april 2012 21:30 )
 

Årsmøte 2011

E-post Skriv ut PDF


Fotoklubben hadde årsmøte 5. mars. Styret blei gjenvalgt. Årsmeldiga, som du finn her, fortel om eit solid "vanleg" år i klubben.
Etter årsmøtesaker var det tid for bilde. Blant anna bilde frå Tveitestølen (Øyvind Nyvold Larsen). Guten under er fotografert av Elisabeth Væge Hansen.


Sist oppdatert ( søndag 11. mars 2012 21:37 )
 

Vinterbilde

E-post Skriv ut PDF

Dompap

Her er to bilde frå februarmøte i fotoklubben: Dei ti dompapane er fanga på minnebrikka av Rolf Selvik. Den tiande på ski var Jarle Lunde. Og som alltid finn du eit nytt knippe bilde frå kvar fotograf i galleriet. Dei siste bilda/fotografane som er lagt til er merka Ny.

På møte elles fikk me ei innføring i mikrojustering av fokus. Dette er ei problemstilling fleire av medlemmene er kjende med. Og no er me og kjende med vafflene til Jan....

Neste gong er det årsmøte: Måndag 5. mars

På ski

Sist oppdatert ( måndag 06. februar 2012 23:25 )
 

Vinterlege bilde

E-post Skriv ut PDF

Frå Lauvåsen

På årets første møte blei det vist mange vinterlege bilde. Som stemningsbilde over teke av Reidar Flatabø. Du finn fleire i galleriet.

Det blei og vist film, eller rettare; ein blanding av video, timelapse og stillbilde. Tittel på Kjetil Brekke sin film er "Skodde", du ser den nedanfor. Sjå den gjerne i HD. Då blir den best.

Neste møte er måndag 6. februar. Dette er årsmøte, men hugs å ta med bilde...

Sist oppdatert ( tysdag 17. januar 2012 22:45 )
 
Side 1 av 6

 

Ny bok frå Vidar Lunde: Det brøler i hjortelia

Snarveg til galleri

Møteplan vinter 2012


Måndag 16. januar
Måndag 6. februar
Måndag 5. mars
Måndag 16. april
Måndag 7. mai
Måndag 4. juni

Normalt er møta hjå Br. Selvik (båthamna) kl. 19.00.
Anna blir annonsert her på nettsida.

Blogg frå SuldalFoto.no

Logg inn